Posts tagged “VG

NY JOBB: Frå digital til papir

6

6 5 4 3 2 1Trenden med få nye bilete held fram, då eg ikkje tek særleg mange bilete om dagen. Jobbar no på desken i VG, som nyhendedesigner. Her er nokre av sidene eg har laga så langt.

 


LANDSKAMP: Nytt forsøk på UIlevaal!

ULLEVAAL (VG) (Norge-Kroatia 1-1) Innlegget kjem lovleg seint. Fekk uansett ta bilete for VG Sporten att då Norge møtte Kroatia i byrjinga av juni. Lite foto om dagen, framleis på VG+, uansett alltid moro å få sjansen på Ullevaal.


2 X COVER: Drillo og «Passopp»!

Lite fotografering om dagen, har vore på to jobbar i det nye året – Drillo og ein hundeovervåkingssak til VGFredag. Moro at det blir mykje spalteplass når eg først får sjansen! Elles kosar eg meg framleis i iPad-avdelinga til VG, VG+. Der skal eg vere fram til september.


NEDTUR: Cupfinalen i bilder!

ULLEVAAL (VG): Fekk lov til å dekke cupfinalen for VG. Moro med eit avbrekk fra kontorjobbinga! Stor opplevelse – men nitrist at feil lag gjekk sigrande av banen.


TYSKLANDTURNÈ: Over 40,000 heidra Noreg!

TYSKLAND (VG): Fekk vere med VGSporten til Tyskland. Var innom mange byar og lagde mange saker. Størst inntrykk gjorde det då Ståle Solbakkens Köln møtte Arsenal til treningskamp dagen etter det smalt i Oslo. Ingen ønska og spele fotball, eller snakka om fotball den dagen. Drøyt når alle på tribunen, samt Arsenal-stjernene, stilte opp og heidra Noreg med eitt minutts stillhet.


VERDSMEISTER: Gratulerar, Dale Oen!

SJØFLYHAVNA/FORNEBU (VG): Mektig imponert av Dale Oen som tok VM-gull på 100m bryst i Shanghai for ei stund sidan. Tok desse bileta av han før avreise til symje-VM. Lite oppdateringar i det siste.


VIDEO: Beversafari langs Norges Amazonas

 

FETSUND (VG): Laga ei ny “Bildereise” til VG fra Beversafari tur langs Nordre Øyeren Naturreservat. Laga også ein video til VG+, sjå den ovanfor!


HOCKEY: Keepertalent drafta til NHL-klubbar!

SKIEN (VG): Dei norske hockeykeepertalenta Lars Volden og Steffen Søberg blei begge draftet av to NHL-klubber. Her på ein keepercamp i Skien.


BILDEREISE: Beversafari på Øyeren!

FETSUND (VG): Laga ei ny “Bildereise” til VG fra Beversafari tur langs Nordre Øyeren Naturreservat. Turen kan absolutt anbefalast.


SPORT: VIF slo S08!

ULLEVAAL STADION (VG): Var på fotballkamp førre helg. Fekk testa nytt kamera, Canon Eos 1d Mark IV. Blir utruleg bittert å gå tilbake til gammalt utstyr igjen etter å ha testa det nye.


VIDEO: Vått, vilt og vakkert!


 

SJOA (VG): Fekk fire sider i VGSøndag fra raftingturen på Sjoa i Heidal (med Sjoa Rafting) for nokre helger sidan. Laga også ein videosnutt til “padda”. Den kan du sjå ovanfor. Fekk også testa ut “Go Pro” kamera, ein liten dings som tåler tilsynelatande alt og filmar i HD på ei og same tid. Genialt. Må nok investera i eit slikt eit.


SIRKUS: Gerrard i Kragerø!

KRAGERØ (VG): Blei med VG og Jamel Rake til Kragerø for å møta Liverpool-kaptein Steven Gerrard som var den store stjerna John Arne Riise hadde fått med seg på fotballskulen sin. Moro å møta John Arne igjen, har ikkje snakka med han sidan eg var i Roma i august i fjor. Det var ville tilstandar då Gerrard endeleg kom, sjølv om han var seks timar for sein. Me laga tre sider til sporten, samt tre videoar til VGTV/VG+. Sjå den eine HER.


I PARKEN: Ståle sin siste kamp!

PARKEN/KØBENHAVN (VG): Fekk vere med VG til Parken og Ståle Solbakken sin siste kamp med Løvene før han tek fatt på eit nytt steg i trenar karriera i tyske Köln. Litt av ei oppleving å vere på ein fullsett landslagsarena med ellevill stemning. Moro at Ståle kjente meg igjen frå La Manga. VG-kollega Jostein Magnussen har teke biletet av meg og Ståle. To nøgde menn!


RAFTING: Vått, vilt og vakkert!

HEIDAL/SJOA (VG): Var i Heidal på besøk hos Sjoa Rafting i helga. Utruleg morosamt. Det skal bli ei biletreise på ein søndag i VG ein gong. Følg med!


REPORTASJEPROSJEKTET: Full utteljing i VGHelg!

OSLO(VG): I helga stod reportasjeprosjektet mitt om Sæbø Gard på trykk over sju sider i Noregs mest leste avismagasin, VGHelg. Det er eg veldig stolt over. Har fått mange fine tilbakemeldingar på reportasjen, det er utruleg kjekt. Har også laga ein filmsnutt som blei publisert i VG+ (iPad-utgåva til VG). Filmen kan ein sjå her: http://vg.no/vgpluss/article/1LaaJseJ


SYDEN: Treningsleir med Olympiatoppen

FUERTEVENTURA/SPANIA(VG): Fekk vere med VG Sporten og Camilla Vesteng til Kanariøyene for å følge nærast alle dei største vinteridrettstjernene våre. Dei er på treningsleir i regi av Olympiatoppen. Resulterte i mange kule møter, mellom anna med Northug, Bjørgen og Johaug (biletet). Fekk også spele biljard med Øystein Pettersen. Tapte. Følg med i VG framover!


COVER: Dag Otto Lauritzen-reportasje!

OSLO (VG): I påsken var eg i London, difor kjem denne oppdateringa vel seint. Uansett, påskeaftan kom VG og VGHelg med avsløringa om mangeårig proffsyklist Dag Otto Lauritzen sine hjarteproblemar. Journalist Hanne Kreutz-Hansen og eg følgte Dag Otto i nokre dagar. Ein fantastisk fyr! Saken blei cover både på avisa og på magasinet.


COVER: Ramm-reportasje i VGHelg!

OSLO (VG): Fekk endeleg lov til å gjera ein større reportasje for VGHelg igjen. Den handla om Morten Ramm, frå Torsdag Kveld Fra Nydalen. Veldig kul type å jobba saman med. Reportasjen endte opp som cover-sak. Veldig nøgd!


VEKAS BILETE: Veke 5

ELCHE (VG): Nok eit sportsbilete. Jørn Jamtfall (keepertrener i RBK, tidlegare keeper og lands. keeper) sin son, Michael lobbar lekkert over ein sjanselaus Spartak Moskwa-keeper. Kanskje det beste sportsbilete eg har teke nokon gong. Synd det var så forskjellig lys på for/ og bakgrunn. No er uansett La Manga/Spania oppholdet over for denne gong, gleder meg til å reisa ned igjen 20. -27. feb.


VEKAS BILETE: Veke 4

LA MANGA/SPANIA (VG): Er fortida på La Manga for VG og tek endeleg fotballbilete igjen, med ymse hell. Utruleg artig. I dag, måndag, fekk eg eit fint oppslag i VG frå gårsdagens kamp mellom VIF-Wisla Krakow. Kanskje det oppslaget eg er mest nøgd med til no i min karriere som sportsfotograf.


MULTIMEDIADAGAR: Film, film, film!

BEITO/TRYSIL (VG): Den siste tida har eg laga mykje video for VG. I helga var eg på Beito og laga film, sak til papiravisa og til VG+, samtidig tok eg stills. Eg merkar at sluttproduktet blir dårlegare når ein skal gjere absolutt alt sjølv – men dette er kanskje framtida?


VEKAS BILETE: Veke 3

GRAND/OSLO (VG): Fekk vere med å intervjua Little Steven, eller Steven Van Zandt på Grand i går. Herlig mann, kjent frå bandet til Bruce Springsteen og frå TV-serien Sopranos. Skal vere med i ein norsk “dramadee”.


LISTEFEBER: Tre portrett frå praksisperioden

OSLO: Eit nytt år har byrja, og kva passar vel betre enn å byrja det nye med å oppsumera det gamle. Første liste ut er tre kjeldeportrett. Kjeldeportrett er dei vanlegaste jobbane i den norske pressa. Jobbane kan vere vanskelege å vere kreativ og orginal på, mykje på grunn av at jobbane kjem så tett. Øvst er ein jobb med poppdronninga Tone Damli Aaberge, i midten EM-debutant Stine Oftedal, nedst Thomas Seltzer. Alle jobbane blei gjort for VG i løpet av praksisperioden min der. OBS! Sjå opp for nye lister på bloggen dei kommande dagane.


VEKAS BILETE: Veke 47

OSLO/VG: Førre vekas bilete var ikkje særleg bra. Verken teknisk eller på andre måtar. Men eg var den einaste som hadde biletet. Difor blei nyhendeverdien stor og eg fekk stor spalteplass. Blei tatt til parteringsdrapet som har gått i media den siste tida. VG er den einaste som har bilete frå natta då Kripos undersøkte leiligheten i Schandorrfgate 4 på St. Haugen i Oslo.