Posts tagged “stord

KUL KVARDAG: Sjekk desse oppdraga!

Laila Mehus - til fredagspraten gull Foto: MARIUS KNUTSEN 2014.10.01_Sunnhordland_57 Fredagsprat med Atle Hansen.  Foto: MARIUS KNUTSEN gull Reportasje fra hestesportsenteret paa Tyse. Foto: MARIUS KNUTSEN 2014.11.16_Bastard_02 2014.11.16_TrulsHorvei_02 2014.11.20_DiverseSHL_30 2014.11.20_DiverseSHL_42 2014.11.22_StordHandball_13 Cover til julebordreportasje. Liv Kari Eskeland. Foto: MARIUS KNUTSEN Cover til julebordreportasje. Maria Malmstein. Foto: MARIUS KNUTSEN Cover til julebordreportasje. Sigurd Sævereid. Foto: MARIUS KNUTSEN 2014.12.01_MarianneNordhus_09


REPORTASJEPROSJEKTET: Bålbrenning i strandkanten!

SÆBØ GARD (STORD): Ny dag, nye bilete frå Sæbø Gard og reportasjeprosjektet. I dag brente me bål i strandkanten for å rydda beiteområdet i det nydelege området til garden nede ved sjøen.


REPORTASJEPROSJEKTET: Ein dag i musikkens teikn!

SÆBØ GARD (STORD): Ny dag, nye bilete frå Sæbø Gard. I dag var eg med Elen Sofie på foring. Seinare på dagen var eg med Sigfred på songstund.


REPORTASJEPROSJEKTET: Bosskøyring og rydding av skog!

SÆBØ GARD/STORD: Ny dag med nye bilete frå Sæbø Gard. Dagens høgdepunkt var jubelen som kom då tre stk fekk lov til å vera med å køyra boss til “Svartasmoget” i Fitjar.

 


REPORTASJEPROSJEKTET: Vår på Sæbø Gard!

SÆBØ GARD/STORD: Ny runde på Sæbø Gard. Var utruleg kjekt og sjå gjengen igjen. Blei teken godt i mot! Ser fram til fleire morosame dagar denne veka.


REPORTASJEPROSJEKTET: Trist siste dag!

SÆBØ GARD/STORD: I dag var siste dagen på garden for denne gong. Utruleg vemodig og reisa i frå den flotte gjengen med glade arbeidsjern. Dagen blei nytta til filming, men blei nokre fotos og.


REPORTASJEPROSJEKTET: Den store foringsdagen!

SÆBØ GARD/STORD: I dag var første dagen eg fekk vere med å fora dyra på garden. Gjer eit nytt forsøk i morgon.


REPORTASJEPROSJEKTET: Med følelsar på jobb!

SÆBØ GARD/STORD: Eg trur sjeldan eg har vore på ein plass med fleire florerande følelsar på ein og same stad. Som oftast er det kjærleiken som rår, men pluttseleg kan det koka over for alle og ein kvar.


REPORTASJEPROSJEKTET: Første etappe tilbakelagt!

SÆBØ GARD/STORD: Då er første dag ute i felt unnagjort. Skal som kjent, for nokre få, laga ein reportasje frå Sæbø Gard. Det er ein gard på Stord som blir drive av personar med ei form for psykisk utviklingshemming. I dag fekk eg vera saman med Andreas Bergsvåg. I dag jobba han med vedproduksjon, men han fekk også tid til å visa meg litt rundt på garden. Førsteinntrykk: Gledar meg til å jobba vidare med dette prosjektet. Dei som jobbar på garden er smilande og kjekke, morosame og flittige.

Då dette er ein del av eit større og pågåande prosjekt, set eg veldig pris på tilbakemeldingar!


VEKAS BILETE: Veke 48

NORDSTRANDHALLEN/SUNNHORDLAND: Førre vekas bilete blei tatt på oppdrag for Bladet Sunnhordland. Dekka Postenligakampen mellom BSK/NIF-Stord for dei. Bilete er av Stord si målvakt, Tor Christian Sæbø (20). Sæbø kom inn for førstevalet Mikael Søgaard og stod ein fantastisk andre omgang. Diverre glapp denne ballen mellom beina på keeperen og i mål, så det passa dårleg til saken eg skreiv for “Vikalappen”. Heldigvis passar det betre her.