Posts tagged “spania

SYDEN: Treningsleir med Olympiatoppen

FUERTEVENTURA/SPANIA(VG): Fekk vere med VG Sporten og Camilla Vesteng til Kanariøyene for å følge nærast alle dei største vinteridrettstjernene våre. Dei er på treningsleir i regi av Olympiatoppen. Resulterte i mange kule møter, mellom anna med Northug, Bjørgen og Johaug (biletet). Fekk også spele biljard med Øystein Pettersen. Tapte. Følg med i VG framover!


VG-LUPEN: Hektisk og morosamt!


LA MANGA (VG): Har fått den store æra av å vera med Knut Espen Svegaarden og laga årets “VG-lupen”. Kvart av dei 16 laga blir vurdert dei siste dagane fram mot seriestar. Eg har teke bilete til 14 av 16 saker. Dei fleste blei teke då me var på La Manga tidlegare i vinter. Følg med i VG fram mot seriestarten!


VEKAS BILETE: Veke 4

LA MANGA/SPANIA (VG): Er fortida på La Manga for VG og tek endeleg fotballbilete igjen, med ymse hell. Utruleg artig. I dag, måndag, fekk eg eit fint oppslag i VG frå gårsdagens kamp mellom VIF-Wisla Krakow. Kanskje det oppslaget eg er mest nøgd med til no i min karriere som sportsfotograf.