Posts tagged “rompe

VEKAS BILETE: Veke 45

DRAMMEN/VG: Denne veka sitt store bilete er det diverre ikkje eg som har, men fotografen i midten av mitt bilete. Mitt bilete blei brukt på front på VGSporten, synd dei kroppa vekk fotografen i avisa. Han gjer biletet, ialfall etter mitt syn. Situasjonen er henta frå Bragenes Torg i Drammen. Strømsgodset-spelarane har nettopp komt heim med “bøtta” og blei hylla av tusenvis av fans. Då supportarane lurte på om Godset-trenar Ronny Deila kunne strippa var han ikkje vond å be. Matchvinnar Glenn Andersen står bak å filmar det heile. – Slikt gjer Deila heile tida. Ikkje noko nytt med det, fortalte han til VG. I følgje spelarane strippa Deila i garderoben også før cupfinalen – då iført samboer (og Sigurd Rushfeldts søster) Bjørgunns Dolce&Gabbana-tanga.


SKRÅBLIKK: Hopparen, bakken og sprekken

VIKERSUND/VG: Dagens tips! Skal du fotografera på eit pressetreff og likar å ha buksa litt for langt nede? Sørg for at merkelappen på trusa er bretta oppover. På denne måten vil du unngå å visa for mykje kropp på eventuelle bilete som  fotografar bak deg i køen eventuelt tar. Slik som denne fotografen meisterleg viser.