Posts tagged “nm

NEDTUR: Cupfinalen i bilder!

ULLEVAAL (VG): Fekk lov til å dekke cupfinalen for VG. Moro med eit avbrekk fra kontorjobbinga! Stor opplevelse – men nitrist at feil lag gjekk sigrande av banen.


LISTEFEBER: Tre upubliserte sportsgodbitar

OSLO: Neste liste ut er tre sportsbilete som aldri har nådd trykkeriet. Det første biletet er av landslagsveteran Solveig Guldbrandsen. Her skårar ho 2-0 målet i 2-0 sigeren heime mot Ukraina på Nadderud i VM-kvalikken. Guldbrandsen la seinare opp, noko som gjer dette til den siste landskampen – og den siste landskampsskåringa hennar. Det andre biletet er av landslagsstrenar i langrenn, Morten Aa Djupvik og sportssjef Åge Skinnstad sin duell under eit pressetreff på Bryggetorget i Oslo. Skinnstad vann, medan Djupvik måtte smaka på asfalten. Det siste bilete er av ein tydeleg nøgd Jostein Flo som står klar med “bøtta” før han skal opp på scenen på Bragernes torg i Drammen for å motta hyllesten frå folket etter cupfinaletriumfen.