Posts tagged “media

VEKAS BILETE: Veke 48

NORDSTRANDHALLEN/SUNNHORDLAND: Førre vekas bilete blei tatt på oppdrag for Bladet Sunnhordland. Dekka Postenligakampen mellom BSK/NIF-Stord for dei. Bilete er av Stord si målvakt, Tor Christian Sæbø (20). Sæbø kom inn for førstevalet Mikael Søgaard og stod ein fantastisk andre omgang. Diverre glapp denne ballen mellom beina på keeperen og i mål, så det passa dårleg til saken eg skreiv for “Vikalappen”. Heldigvis passar det betre her.


VEKAS BILETE: Veke 47

OSLO/VG: Førre vekas bilete var ikkje særleg bra. Verken teknisk eller på andre måtar. Men eg var den einaste som hadde biletet. Difor blei nyhendeverdien stor og eg fekk stor spalteplass. Blei tatt til parteringsdrapet som har gått i media den siste tida. VG er den einaste som har bilete frå natta då Kripos undersøkte leiligheten i Schandorrfgate 4 på St. Haugen i Oslo.


VGHelg cover: – Du reddet livet mitt


OSLO/VG: Førre veke brukte eg og bømling Tormod Halleraker mykje tid saman med Kristine Hjulstad. Kristine fekk kreft som lita, men kom seg ifrå det med livet i behald grunna sin gode lege Clas Trope. Og sjølvsagt, hobbyen hennar: trylling. No studerar ho mot alle odds til å bli lege sjølv, og har praksis på avdelinga som redda ho.

Reportasjen resulterte i eit cover, mitt første i VGHelg, samt ni sider inne i avisa (?!). Utruleg kjekt! Det er stort for ein fotograf og få lov til å pryda eit av dei største magasina i Noreg. Kjøp dagens VG, laurdag 13. nov., og les den sterke historia.


Mitt første VGFredag-cover

OSLO/VG: For nokre veker sidan hadde eg coverbiletet i VG sitt helgemagasin, VGFredag. Det var mitt første cover for helgemagasinet nokonsinne. Veldig kjekt, sjølv om det var eit produktbilete som blei valgt.