Posts tagged “fotojournalist

KUL KVARDAG: Sjekk desse oppdraga!

Laila Mehus - til fredagspraten gull Foto: MARIUS KNUTSEN 2014.10.01_Sunnhordland_57 Fredagsprat med Atle Hansen.  Foto: MARIUS KNUTSEN gull Reportasje fra hestesportsenteret paa Tyse. Foto: MARIUS KNUTSEN 2014.11.16_Bastard_02 2014.11.16_TrulsHorvei_02 2014.11.20_DiverseSHL_30 2014.11.20_DiverseSHL_42 2014.11.22_StordHandball_13 Cover til julebordreportasje. Liv Kari Eskeland. Foto: MARIUS KNUTSEN Cover til julebordreportasje. Maria Malmstein. Foto: MARIUS KNUTSEN Cover til julebordreportasje. Sigurd Sævereid. Foto: MARIUS KNUTSEN 2014.12.01_MarianneNordhus_09


LANDSKAMP: Nytt forsøk på UIlevaal!

ULLEVAAL (VG) (Norge-Kroatia 1-1) Innlegget kjem lovleg seint. Fekk uansett ta bilete for VG Sporten att då Norge møtte Kroatia i byrjinga av juni. Lite foto om dagen, framleis på VG+, uansett alltid moro å få sjansen på Ullevaal.


2 X COVER: Drillo og «Passopp»!

Lite fotografering om dagen, har vore på to jobbar i det nye året – Drillo og ein hundeovervåkingssak til VGFredag. Moro at det blir mykje spalteplass når eg først får sjansen! Elles kosar eg meg framleis i iPad-avdelinga til VG, VG+. Der skal eg vere fram til september.


NY ARBEIDSGJEVAR: Artig med byråfotografering!

OSLO/FORNEBU (SCANPIX): Fekk prøva meg for ein ny arbeidsgjevar i går – Scanpix (Skandinavia sitt største biletbyrå). Har lenge tenkt at byråjobbing ikkje er noko for meg, men etter å ha prøvd det i går tenker eg heilt annleis. Det er utruleg utfordrande, og kjekt, å tenka bilete til mange forskjellige vinklar – istadenfor å samarbeida med ein journalist om ein sak slik eg er mest vant til. I går var eg med både på fotballkamp og på Øya-festivalen. Fekk stor respekt for byråfotografane etter at eg måtte prøva å senda bilete undervegs i kampen. Det er stress. Du sit deg ned på macen, medan spelet går vidare. Men det gjekk fint, håpar verkeleg eg får prøva meg igjen for å få inn ein enno betre arbeidsflyt. Ein annan ting som er moro med byråfotografering er at bileta dukkar opp over alt!


SIRKUS: Gerrard i Kragerø!

KRAGERØ (VG): Blei med VG og Jamel Rake til Kragerø for å møta Liverpool-kaptein Steven Gerrard som var den store stjerna John Arne Riise hadde fått med seg på fotballskulen sin. Moro å møta John Arne igjen, har ikkje snakka med han sidan eg var i Roma i august i fjor. Det var ville tilstandar då Gerrard endeleg kom, sjølv om han var seks timar for sein. Me laga tre sider til sporten, samt tre videoar til VGTV/VG+. Sjå den eine HER.