Posts tagged “Foto

NY ARBEIDSGJEVAR: Artig med byråfotografering!

OSLO/FORNEBU (SCANPIX): Fekk prøva meg for ein ny arbeidsgjevar i går – Scanpix (Skandinavia sitt største biletbyrå). Har lenge tenkt at byråjobbing ikkje er noko for meg, men etter å ha prøvd det i går tenker eg heilt annleis. Det er utruleg utfordrande, og kjekt, å tenka bilete til mange forskjellige vinklar – istadenfor å samarbeida med ein journalist om ein sak slik eg er mest vant til. I går var eg med både på fotballkamp og på Øya-festivalen. Fekk stor respekt for byråfotografane etter at eg måtte prøva å senda bilete undervegs i kampen. Det er stress. Du sit deg ned på macen, medan spelet går vidare. Men det gjekk fint, håpar verkeleg eg får prøva meg igjen for å få inn ein enno betre arbeidsflyt. Ein annan ting som er moro med byråfotografering er at bileta dukkar opp over alt!


BILDEREISE: Beversafari på Øyeren!

FETSUND (VG): Laga ei ny “Bildereise” til VG fra Beversafari tur langs Nordre Øyeren Naturreservat. Turen kan absolutt anbefalast.


VEKAS BILETE: Veke 48

NORDSTRANDHALLEN/SUNNHORDLAND: Førre vekas bilete blei tatt på oppdrag for Bladet Sunnhordland. Dekka Postenligakampen mellom BSK/NIF-Stord for dei. Bilete er av Stord si målvakt, Tor Christian Sæbø (20). Sæbø kom inn for førstevalet Mikael Søgaard og stod ein fantastisk andre omgang. Diverre glapp denne ballen mellom beina på keeperen og i mål, så det passa dårleg til saken eg skreiv for “Vikalappen”. Heldigvis passar det betre her.


VEKAS BILETE: Veke 47

OSLO/VG: Førre vekas bilete var ikkje særleg bra. Verken teknisk eller på andre måtar. Men eg var den einaste som hadde biletet. Difor blei nyhendeverdien stor og eg fekk stor spalteplass. Blei tatt til parteringsdrapet som har gått i media den siste tida. VG er den einaste som har bilete frå natta då Kripos undersøkte leiligheten i Schandorrfgate 4 på St. Haugen i Oslo.


Godset-triumfen i bilete

ULLEVAAL/DRAMMEN/VG: Var på jobb for VG under cupfinalen. Mi oppgåve var å følge Follo i angrep, så eg fekk ikkje så alt for mykje å gjera. Heldigvis når 400mm over heile banen. Her er mine bilder frå den store dagen.

Glenn Andersen si skåring sikra Godset 2-0 over Follo i cupfinalen og gjorde sitt til at noregsmeisterane blei tekne i mot som heltar i Drammen seinare på kvelden. Likar blikket til tidlegare Godset-spelar, no målvakt i Follo, Glenn Arne Hansen, når han ser kva som er i ferd med å skje.


VGHelg cover: – Du reddet livet mitt


OSLO/VG: Førre veke brukte eg og bømling Tormod Halleraker mykje tid saman med Kristine Hjulstad. Kristine fekk kreft som lita, men kom seg ifrå det med livet i behald grunna sin gode lege Clas Trope. Og sjølvsagt, hobbyen hennar: trylling. No studerar ho mot alle odds til å bli lege sjølv, og har praksis på avdelinga som redda ho.

Reportasjen resulterte i eit cover, mitt første i VGHelg, samt ni sider inne i avisa (?!). Utruleg kjekt! Det er stort for ein fotograf og få lov til å pryda eit av dei største magasina i Noreg. Kjøp dagens VG, laurdag 13. nov., og les den sterke historia.


Mitt første VGFredag-cover

OSLO/VG: For nokre veker sidan hadde eg coverbiletet i VG sitt helgemagasin, VGFredag. Det var mitt første cover for helgemagasinet nokonsinne. Veldig kjekt, sjølv om det var eit produktbilete som blei valgt.


VEKAS BILETE: Veke 44

ULLEVÅL/VG: Har oppretta ei ny heimeside i håp om at eg skal klara å oppdatera litt oftare. Difor blogg formatet. Har også gått vekk i frå det engelske, for kor mange internasjonale klikkarar har eg eigentleg…? Vekas bilete blei uansett teke i seks minusgrader på Ullevål. Tippeligaens siste runde. Sølvvinnar mot bronsjevinnar. VIF-Tromsø. Kampen endte 3-0 til heimelaget, og Mos skåra 2-0 målet.