Siste nytt:

VARIERT: Ny Scanpix-veke!

OSLO (SCANPIX): Gjort mykje forskjellig denne veka. Spesielt moro med to fotballkampar på ei helg! Blir nok rolig på biletbloggen framover, då eg har fått eit vikariat på 4 mnd i VG. Der skal eg redigere iPad-utgåvene, VG+ og VGHelg.

NY ARBEIDSGJEVAR: Artig med byråfotografering!

OSLO/FORNEBU (SCANPIX): Fekk prøva meg for ein ny arbeidsgjevar i går – Scanpix (Skandinavia sitt største biletbyrå). Har lenge tenkt at byråjobbing ikkje er noko for meg, men etter å ha prøvd det i går tenker eg heilt annleis. Det er utruleg utfordrande, og kjekt, å tenka bilete til mange forskjellige vinklar – istadenfor å samarbeida med ein journalist om ein sak slik eg er mest vant til. I går var eg med både på fotballkamp og på Øya-festivalen. Fekk stor respekt for byråfotografane etter at eg måtte prøva å senda bilete undervegs i kampen. Det er stress. Du sit deg ned på macen, medan spelet går vidare. Men det gjekk fint, håpar verkeleg eg får prøva meg igjen for å få inn ein enno betre arbeidsflyt. Ein annan ting som er moro med byråfotografering er at bileta dukkar opp over alt!

KONTRAST: Frå Køln til Vikahaugane

STORD (Sunnhordland): Dei siste vekene har eg jobba i Bladet Sunnhordland. Moro å gjere noko anna enn det ein plar gjere. I helga skal eg jobba for Scanpix for første gong. Stabæk – Strømsgodset, samt Øya-festivalen. Det blir ei utfordring!

TYSKLANDTURNÈ: Over 40,000 heidra Noreg!

TYSKLAND (VG): Fekk vere med VGSporten til Tyskland. Var innom mange byar og lagde mange saker. Størst inntrykk gjorde det då Ståle Solbakkens Köln møtte Arsenal til treningskamp dagen etter det smalt i Oslo. Ingen ønska og spele fotball, eller snakka om fotball den dagen. Drøyt når alle på tribunen, samt Arsenal-stjernene, stilte opp og heidra Noreg med eitt minutts stillhet.

VERDSMEISTER: Gratulerar, Dale Oen!

SJØFLYHAVNA/FORNEBU (VG): Mektig imponert av Dale Oen som tok VM-gull på 100m bryst i Shanghai for ei stund sidan. Tok desse bileta av han før avreise til symje-VM. Lite oppdateringar i det siste.

VIDEO: Beversafari langs Norges Amazonas

 

FETSUND (VG): Laga ei ny “Bildereise” til VG fra Beversafari tur langs Nordre Øyeren Naturreservat. Laga også ein video til VG+, sjå den ovanfor!

HOCKEY: Keepertalent drafta til NHL-klubbar!

SKIEN (VG): Dei norske hockeykeepertalenta Lars Volden og Steffen Søberg blei begge draftet av to NHL-klubber. Her på ein keepercamp i Skien.

BILDEREISE: Beversafari på Øyeren!

FETSUND (VG): Laga ei ny “Bildereise” til VG fra Beversafari tur langs Nordre Øyeren Naturreservat. Turen kan absolutt anbefalast.

SPORT: VIF slo S08!

ULLEVAAL STADION (VG): Var på fotballkamp førre helg. Fekk testa nytt kamera, Canon Eos 1d Mark IV. Blir utruleg bittert å gå tilbake til gammalt utstyr igjen etter å ha testa det nye.

VIDEO: Vått, vilt og vakkert!


 

SJOA (VG): Fekk fire sider i VGSøndag fra raftingturen på Sjoa i Heidal (med Sjoa Rafting) for nokre helger sidan. Laga også ein videosnutt til “padda”. Den kan du sjå ovanfor. Fekk også testa ut “Go Pro” kamera, ein liten dings som tåler tilsynelatande alt og filmar i HD på ei og same tid. Genialt. Må nok investera i eit slikt eit.