Med kjensler og kjeledress

SÆBØ GARD/STORD: Få personar med psykisk utviklingshemming kjem seg ut i jobb i Noreg. På Sæbø gard tek ein på seg kjeledressen og arbeidshanskane. Psykisk utviklingshemma eller ei.

Les heile reportasjen under bileta. Sjå multimediaproduksjonen frå prosjektet her!

 

Den grå vestlandshimmelen heng tungt over idylliske Sæbø Gard, eit kommunalt dagtilbod for psykisk utviklingshemma på den vesle øya Stord, i Hordaland. Kanskje kjem det ein regnskur, kanskje trengjer sola seg igjennom. Det er umogleg å seia. Slik er det ofte for dei atten brukarane på garden.

Sigfred Almås kikkar seg lett over skuldra og konstaterer at han er åleine i den raude, garasjeliknande bygningen. Det lure smilet blir til ein trutmunn i det han fører tungespissen eit stykke ut av munnen. Morgonmøtet er over. Konklusjonen om at gårsdagen var kjempekjekk, og at dagen i dag husar nye, store arbeidsoppgåver er alltid den same. Som ein målretta soldat har han marsjert, taktfast og med markant armsving, frå det kvite hovudhuset, forbi den brungrøne enga og ned i vedaskuten. Han er ein av fleire utryddingstrua på garden. Dersom tidleg ultralyd blir innført i Noreg, syner forsking at færre og færre som han vil bli født.

Langs veggen, forbi sagbukkane som okkuperer golvplassen i det store rommet, står eit kvitt bord med eit raudt og grøn-rutete ullteppe over. Han løftar vekk pleddet. Forventningsfullt. Under står eit støvete stereoanlegg. Han lener seg kjapt over bordet for å nå fram til knappane på anlegget. Nasen kjem nærast borti displayet i det den eine av dei ti, litt stutte fingrane trykker på play. Han glir raskt av bordet og stiller seg på betonggolvet. Han rettar på capsen og gjer eit forsøk på å bretta opp ermene på kjeledressen. Den sit litt for stramt. Ansiktet lyser opp som hos ein åtteåring som endeleg har fått mor og far vekk frå pinnekjøtet og bort til treet og gåvene den eine kvelden i desember. Forventningane er store.

Med eit dei første tonane kjem straumane ut i frå stereoanlegget, går ansiktet frå å visa ei ekstrem glede til å bli ekstremt konsentrert.

– Dideli-di-didelittitti.

Den venstre handa kviler på bakhovudet som går att og fram i takt med musikken. Høgrefoten trampar sin eigen rytme. Tå hel, tå hel. Ansiktet viser nytelse no. Nytelse og ro i det det beveger seg opp og ned. Songen nærmar seg refrenget. Hendene grip etter luftgitaren. Hovudet blir lent tilbake, blikket  vendt oppover. Han bøyer seg litt i knea. Lukkar augo.

– ”…its the final countdown”!

– Dideli-di-didelittitti.

Songen er ferdig og cd-spelaren er skrudd av. No er ikkje lenger Sigfred Almås åleine i vedaskuten. Det er fleire med kjeledressar her no. Dei har snike seg umerka inn under det faste morgonritualet, og står allereie klare med kvar si sag og kvar sin sagbukk. No er arbeidsdagen i gong.

– Korleis er det med dykk, kjære vener? Har de sove godt? Har de sakna meg?

Inne i den raude låven, på den andre sida av gardsplassen, er Elin Sofie Andersen allereie godt i gang med fôringa av dyra. Sauene først. Alltid. Rutinar er viktig på Sæbø gard, på Stord. Det veit Elin Sofie Andersen. Ho har nemleg jobba på garden sidan Kongen opna den for tjue år sidan.

Ho stryk og kjæler med sauene. Alle som ein. Gjev dei eit smil eller to før dei skal eta. Ho spør nokre av dei korleis dei har det. Andre fortel ho korleis gårsdagen uttarta seg.

– Det var karaoke på klubben i går. De veit vel at eg var på klubben? Eg song Elvis. Fekk høyra at eg likna veldig. Sidan han er konge, er vel eg det òg, då?

Ho går vidare til neste. Når ho har teke runden, tek ho den på nytt. Denne gongen med kraftfôr. Så ein gong til. Med høy.

Når ho er ferdig, går ho inn i det dunkelt belyste naborommet. Ho kjem ut med ei bøtte i hendene. Den er full av brødbitar. Bøtta blir passa på som eit lite  barn i det ho går ut av låven, forbi den eine låveveggen som skulle vore malt, og ned på gardsplassen for å møta endene. Ho legg brødbitane ved huset deira. Huset er raudt med eit stort bur rundt. Endene sit sjeldan i buret. Dei flaksar fritt rundt på gardsplassen. Det er grunnen til at Elin Sofie Andersen ikkje vil kosa med dei. Ho tør ikkje bli glad i dei.

Det elles så blide ansiktet hennar ser trist ut no.

– For nokre dagar sidan var det ein hund, som ikkje var i band, som åt to av endene våre. Det var utruleg trist og dumt gjort, fortel ho.

Ho får ei rynke i panna, og augebrynet over det eine augelokket som heng litt lågare enn det andre, senkar seg. Humøret kan svinga fort på Sæbø Gard.

– Eg hatar hundar! Faen.

Ho ristar raskt av seg dei tunge tankane om lause hundar. Kaninane må også få mat. Ho går opp til det raude kaninburet med fire kaniner. Tre av dei er brune. Den fjerde er kvit. Den får mat først. Alltid.

Elin Sofie Andersen fiklar utålmodig med låsen til buret. Dei små hendene slit litt, men får det som regel til. I dag går det fint. Ho tek opp den kvite kanina. Opnar kjeledressen og legg kanina mellom den rosa fleecegenseren og den varme, blå kjeledressen. Ho stryk kanina. Så ein klem. Kinn mot kinn. Kanina ligg heilt roleg. Dei nyt det begge to.

– Sjå her!

Kjem det frå skogholtet, knappe steinkastet ovanfor kaninburet.

– Er eg ikkje sterk? Eg er kjempe sterk.

Andreas Bergsvåg stikk hovudet fram bak ein vedkubbe. Han smiler. Gestikulerer voldsomt med hendene når han snakkar. Eit stort grantre har treft bakken og skal no gå den lange vegen frå skogen til stabelen med ferdige vedsekker nede i vedaskuten. Det betyr mykje jobb.

Andreas Bergsvåg er ein av dei yngste som jobbar på garden. Dei andre kallar han for arbeidsjernet. Han gir seg aldri. Må nesten bremsast opp fordi han jobbar for mykje. Og for hardt.

– Eg trur eg må rulla denne kubben bort til traktorskuffa. Den er for stor til å bærast. Eg må passa på ryggen min. Ikkje sant?

Den store mannen hiv seg ned på kne, veltar trekubben, som er på same storleik som ein hoggestabbe, og rullar den leikande lett mot traktorskuffa.

– Å hiv. Å hoi. Sjå her!

Kubben er på plass, og Andreas Bergsvåg smiler med heile seg. Bak dei småskitne brilleglasa kan ein sjå to auger som verkeleg brenn for å jobba. Dei store, kraftige arbeidsnevane rettar varsamt på brillene. Han hiv seg på kne nok ein gong. Det er nok grunnen til at den svarte kjeledressen er så slitt ved knea. Ein ny kubbe skal til pers. Og ein til.

Utanfor vedaskuten har det samla seg ein heil gjeng i kjeledressar. Vårsola har trengt seg gjennom den grå vestlandshimmelen, og byrja å varma. Likevel er det ei viss uro i gjengen. Pausane er viktige på Sæbø gard. Pausane og kaffien.  No har nokon gløymt å ringa inn til lønsj.

– Me skal ikkje berre gå inn å eta då? Spør ein av dei tilsette.

– Nei. Det går ikkje. Det må ringa i klokka først, svarar ein av brukarane.

Til slutt er samtlege samla inne i det kvite hovudhuset. Det tek litt tid når alle skal kle av seg samtidig. Men det går. I byrjinga av lønsjen er det alltid heilt stille. Heilt roleg. Brukarane sitt saman med dei tilsette. Forsamlinga er delt opp i tre bord. Alle sit på same plass som dei gjorde dagen før. Alltid.

Av og til er det nokon som bryt stillheten. No er det Andreas Bergsvåg som gløymer seg ut. Han vil fortelja alle at mamma Bjørg og han sjølv laga heimelaga knekkebrød dagen før.

– Kjempegodt! Oisann. Hysj. Jada, no skal me vera stille, seier han medan han går frå å vera overivrig til djupt konsentrert i ein og same setning. Han hysjar litt med peikefingeren og et vidare.

Det knitrar i matpakkepapir. Det første kvarteret er over. Summinga har starta.

– Eg har forresten noko eg vil seia. Alle må høyra på.

Elin Sofie Andersen reiser seg opp og stiller seg midt mellom dei tre borda.

– I dag er eg heilt hundre prosent       forelska. Ho går bort til ein av dei mannlege brukarane.

Sverre Kroka lener seg over bordet og ned til kaffikoppen. Han slurpar i seg nokre dråpar før han retter på brillene og festar blikket på dama som nett har kome bort til han.

– Sverre. Du er berre så utruleg flott. Vil du gifta deg med meg? Eg elskar deg, seier ho.

Det går eit gisp gjennom forsamlinga.

– Jada, svarar Sverre.

Dei to gjev kvarandre ein klem. Forsamlinga jublar. Ei tørkar tårer.

– Eg trur eg dånar, seier Elin Sofie Andersen før ho går tilbake til sin eigen plass.

Etter lønsj ventar meir arbeid. Nokre i vedaskuten, andre i skogen. Kanskje eit par i drivhuset. Og så må det jo ryddast etter lønsjen i det kvite hovudhuset. Så går alle kvar til sitt. Ingen dagar er like på Sæbø Gard, på Stord. Det er heller ikkje kor mange vedkubbar ein løftar i løpet av ein dag  eller kor mange dyr ein matar som betyr noko for om arbeidsdagen er vellukka eller ikkje.

Tekst og foto av Marius Knutsen.

One Response

  1. Pingback: » ÅRETS BILDE: Min første pris! Marius Knutsen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>