YMSE

Nye promobilete til SWSC

STORD: Tradisjonen tru blei jula nytta til å ta nye promobilete av “det råaste boybandet i verda, som syng eldgamle coverlåtar frå dei sju hav”; nemleg Storm Weather Shanty Choir. Gjorde det same i fjor, vonar det blir ein ny runde til neste år.


VEKAS BILETE: Veke 49

RÅDHUSPLASSEN/OSLO: Denne vekas bilete er eit paparazzi-bilete. Då gjestene som hadde vore inne på utdelinga av årets Nobels fredspris inne i Oslo Rådhus var komt seg vel heim og pressefolk og demonstrantar som stod utanfor var byrja å komma seg vekk, kom denne karen, Oslo sin kjente og kjære ordførar – Fabian Stang. Han snakka først med ein politimann, før han sneik seg over tausperringa og gjekk bortover i den mørke gangen og tente seg ein sigarett. Stang ante fred og ingen fare, men då han såg meg, var han snar med å få røyken ut av munnviken. Likar “skitt-eg-er-ferska-blikket” på biletet nederst til høgre.


SKRÅBLIKK: – Ein gong til. Kom igjen, då!

OSLO/VG: Dette bilete viser korleis me pressefotografar oppfører oss, og korleis det går inn på dei me tek bilete av. Likar godt dei små-oppgitte blikka folka, som er frå Qvisten Animasjon, sender denne fotografen etter eit utal av; “– Smil då!”, “– Sjå inn i kamera!” og “Ein gong til. Kom igjen, då!”. Situasjonen er frå lanseringsmøtet Qvisten Animasjon hadde med pressa. Dei skal  nemleg laga ein ny juledukkefilm med Aukrust-heltane frå Flåklypa.