SKRÅBLIKK

SKRÅBLIKK: – Ein gong til. Kom igjen, då!

OSLO/VG: Dette bilete viser korleis me pressefotografar oppfører oss, og korleis det går inn på dei me tek bilete av. Likar godt dei små-oppgitte blikka folka, som er frå Qvisten Animasjon, sender denne fotografen etter eit utal av; “– Smil då!”, “– Sjå inn i kamera!” og “Ein gong til. Kom igjen, då!”. Situasjonen er frå lanseringsmøtet Qvisten Animasjon hadde med pressa. Dei skal  nemleg laga ein ny juledukkefilm med Aukrust-heltane frå Flåklypa.


SKRÅBLIKK: Hopparen, bakken og sprekken

VIKERSUND/VG: Dagens tips! Skal du fotografera på eit pressetreff og likar å ha buksa litt for langt nede? Sørg for at merkelappen på trusa er bretta oppover. På denne måten vil du unngå å visa for mykje kropp på eventuelle bilete som  fotografar bak deg i køen eventuelt tar. Slik som denne fotografen meisterleg viser.