REPORTASJEPROSJEKTET

ÅRETS BILDE: Min første pris!

OSLO: Medan eg var i Egypt på ferie, gjekk LLAs årvisse kåring av stabelen her heime. Der vann eg “årets bilde”-biten! Utruleg moro.

Frå LLAs sider:

Dette seier juryen om vinnarbiletet:
“Årets lokalavisfoto er eit spontant bilete som uttrykkjer varme, glede og nestekjærleik. Biletet er tatt i rette augneblink og det er også teknisk godt. Rett og slett eit vakkert bilete! Marius Knudsen og Mediehuset Sunnhordland fortener Landslaget for lokalaviser sin pris for Årets lokalavisfoto 2011.

Legg spesielt merke til namnet mitt som har fått ein ny og internasjonal vri.

Biletet er henta frå reportasjen min frå Sæbø Gard – Med kjensler og kjeledress - sjå alle bileta her ved å trykka på lenka. Laga og ein video – den ligg HER. Her kan du lesa kva Sunnhordland, som saman med VG Helg trykte serien, meiner om prisen.


REPORTASJEPROSJEKTET: Full utteljing i VGHelg!

OSLO(VG): I helga stod reportasjeprosjektet mitt om Sæbø Gard på trykk over sju sider i Noregs mest leste avismagasin, VGHelg. Det er eg veldig stolt over. Har fått mange fine tilbakemeldingar på reportasjen, det er utruleg kjekt. Har også laga ein filmsnutt som blei publisert i VG+ (iPad-utgåva til VG). Filmen kan ein sjå her: http://vg.no/vgpluss/article/1LaaJseJ


REPORTASJEPROSJEKTET: Bålbrenning i strandkanten!

SÆBØ GARD (STORD): Ny dag, nye bilete frå Sæbø Gard og reportasjeprosjektet. I dag brente me bål i strandkanten for å rydda beiteområdet i det nydelege området til garden nede ved sjøen.


REPORTASJEPROSJEKTET: Ein dag i musikkens teikn!

SÆBØ GARD (STORD): Ny dag, nye bilete frå Sæbø Gard. I dag var eg med Elen Sofie på foring. Seinare på dagen var eg med Sigfred på songstund.


REPORTASJEPROSJEKTET: Bosskøyring og rydding av skog!

SÆBØ GARD/STORD: Ny dag med nye bilete frå Sæbø Gard. Dagens høgdepunkt var jubelen som kom då tre stk fekk lov til å vera med å køyra boss til “Svartasmoget” i Fitjar.

 


REPORTASJEPROSJEKTET: Vår på Sæbø Gard!

SÆBØ GARD/STORD: Ny runde på Sæbø Gard. Var utruleg kjekt og sjå gjengen igjen. Blei teken godt i mot! Ser fram til fleire morosame dagar denne veka.


REPORTASJEPROSJEKTET: Trist siste dag!

SÆBØ GARD/STORD: I dag var siste dagen på garden for denne gong. Utruleg vemodig og reisa i frå den flotte gjengen med glade arbeidsjern. Dagen blei nytta til filming, men blei nokre fotos og.


REPORTASJEPROSJEKTET: Den store foringsdagen!

SÆBØ GARD/STORD: I dag var første dagen eg fekk vere med å fora dyra på garden. Gjer eit nytt forsøk i morgon.


REPORTASJEPROSJEKTET: Ingen dagar er like!

SÆBØ GARD/STORD: Som tittelen tilseier, ingen dagar er like på Sæbø Gard. I dag var eg vitne til alt i frå eit lønsjfrieri til ei spontan songstund. Framleis utruleg artig å jobba på garden.


REPORTASJEPROSJEKTET: Med følelsar på jobb!

SÆBØ GARD/STORD: Eg trur sjeldan eg har vore på ein plass med fleire florerande følelsar på ein og same stad. Som oftast er det kjærleiken som rår, men pluttseleg kan det koka over for alle og ein kvar.


REPORTASJEPROSJEKTET: Gartnarteneste!

SÆBØ GARD/STORD: Tilbragte store delar av dagen i dag saman med Runa i drivhuset. Sæbø gard driv blomeproduksjon og har det no travelt for å planta blomane til maisalet startar.


REPORTASJEPROSJEKTET: Første etappe tilbakelagt!

SÆBØ GARD/STORD: Då er første dag ute i felt unnagjort. Skal som kjent, for nokre få, laga ein reportasje frå Sæbø Gard. Det er ein gard på Stord som blir drive av personar med ei form for psykisk utviklingshemming. I dag fekk eg vera saman med Andreas Bergsvåg. I dag jobba han med vedproduksjon, men han fekk også tid til å visa meg litt rundt på garden. Førsteinntrykk: Gledar meg til å jobba vidare med dette prosjektet. Dei som jobbar på garden er smilande og kjekke, morosame og flittige.

Då dette er ein del av eit større og pågåande prosjekt, set eg veldig pris på tilbakemeldingar!